lørdag 21. mars 2009

Snabelsaker har blitt bloggar!

Mitt foerste blogginnlegg

Velkommen til meg. Takk for det.

Eg har jo skjoent sopass at for aa kunne paastaa at ein foel med i tida, saa er det paakrevd aa ha ein blogg.

Den boer innehalde:
-minst tre oppdateringar per dag der eg fortel alle mine trufaste lesarar kvar detalj av min innhaldsrike dag
-bilde av meg sjoelv med ei skildring av kva eg har paa meg idag og kor eg har kjoept det
-minimum 65 helsingar fraa dei tidlegare nemnte trufaste lesarane mine
-50% av desse helsingane boer handle om kor kul og gjennomfoert stilig eg er


Eg har god trua paa at eg skal faa til dette her.
For augeblinken er eg langt heimefraa, saa den skikkelige blogginga vil ikkje tre i kraft paa ei stund enda. Eg maa berre finne ut kordan denne forunderlege delen av verdsveven fungerar fyst. Og det passar fint no, naar eg har 8 timar aa slaa ihel foer eg skal busse vidare.

Eg kan jo byrje med kva eg har paa meg idag.


No vart eg usikker. Er det ei uskriva lov i forhold til om ein skal ta det nedafraa og opp eller omvendt? Vel... Eg byrjar nede.




Dagens outfit














Joggesko fraa Brooks, som ikkje luktar spesielt godt etter 3 mnd paa tur
Kvite, lave sokkar fraa HM, som luktar omlag det same som skoa
Groen piratbukse fraa HM. Den er litt utvaska i fargen, men luktar derimot ok!
Kvit brysthaldar fraa Cubus, som har sett sine bedre dagar.
Svart singlett/topp fraa HM, som per dags dato er meir graa enn svart i fargen
Kvite solbriller fraa markedet i Antigua


Eg gledar meg til aa kunne komme tilbake med meir spenstige antrekk seinare.

Saann. No skal eg eksperimentere litt med fargar og layout tenke eg. Skal sjaa eg blir hekta og blir bloggar paa heiltid. Eg er jo arbeidsledig naar eg kjem heim, saa kvifor ikkje? Sponsorane kjem nok til aa staa i koe.